«I byrjinga var kvinna sola, ein ekte person. No er kvinna månen. Avhengig av andre, spegla i andres glans. Ein sjukeleg, bleik måne.» Dette er innleiingsorda til det første nummeret av det japanske tidsskriftet Seitō, utgitt i 1911. Metaforen speler på at sola i japansk mytologi er ei gudinne, Amaterasu. Ho er ofte rekna som den viktigaste av gudane i japansk folketru (shintoisme). Denne mektige gudinna stod i sterk kontrast til kvinnenes låge posisjon i samfunnet tidleg på nittenhundretalet.


Redaktøren for det nye tidsskriftet var Hiratsuka Raichō, ein tjuefem år gammal kvinne. Orda i innleiinga er også hennar. Hiratsuka kom frå ein priviligert bakgrunn, med ein liberal far som var positiv til kvinners utdanning. Ho var nyutdanna med ein grad i engelsk litteratur då venner oppfordra ho til å starte eit tidsskrift for og av kvinner. Ho grunnla først Seitō-sha, blåstrømpekollektivet, som snart bestemte seg for at dei trengte ein stad å publisere tekstar om temaa som opptok medlemma. Det var inspirert av The Bluestocking Society i England, ei røsle der priviligerte kvinner samla seg for å diskutere utdanning og litteratur.


1910-talet til 30-talet var ein liberal periode i japansk historie. Etter ein valdsam moderniseringsprosess sidan Japan vart opna for verda i 1868, var den påfølgande Taisho-perioden prega av liberalisme og individualisme. Den «nye kvinna» (atarashii onna) og «modern girl» (modan garu) gjorde inntog i det japanske samfunnet. Desse kvinnene var urbane, sjølvstendige og sterkt påverka av vestleg kultur. Dei var ofte kritiserte for å vere lausaktige, egoistiske og umoralske. Ikkje berre nekta mange av dei å gifte seg, dei hadde også forhold med kvarandre. Dei stod i direkte motsetnad til kvinneidealet staten hadde propagandert dei siste femti åra: ryōsai kenbo («god kone, klok mor»). Japanske kvinner skulle gi seg sjølv hen til familien og oppdraginga av patriotiske undersåttar.

Hiratsuka Raichō (1955)


Skandaløse kvinner


Blåstrømpekollektivet var, ikkje overraskande, svært positive til den «nye kvinna», og mange av medlemma bar merkelappen med stoltheit. Tekstane dei publiserte tok for seg kontroversielle tema som skilsmisse, utruskap, sex og abort. Innanriksdepartementet sensurerte og destruerte tidsskriftet ved fleire anledningar. Dette var gull verdt for media, som fråtsa i skandalar frå privatlivet til medlemmene.


Fleire av dei store skandalane involverte ein av dei yngste skribentane i tidsskriftet, Otake Kōkichi. Ho skreiv ved fleire anledningar om alkohol. Meir skulle det ikkje til for å skape mediehysteri: Dei moderne kvinnene drakk som menn! Den andre skandala var då Otake skreiv ein artikkel om ein utflukt blåstrømpene gjorde til gledesdistriktet i Tokyo, Yoshiwara. Der var sexarbeid lovleg og regulert av staten, og bakgrunnen for besøket var at kvinnene gjerne ville sjå korleis forholda var for dei som jobba der. Det var sjølvsagt uhørt for middelklassekvinner å bli sett der, for ikkje å snakke om å skrive om det. Men kanskje det mest skandaløse Otake gjorde, var å hinte til eit romantisk forhold med redaktøren Hiratsuka. Ho var ikkje den einaste av kvinnene som hinta om og utforska skeiv kjærleik i skrivinga si.


Tamura Toshiko (1884–1945) var allereie ein publisert forfattar då Seitō vart grunnlagd. Ho hadde bakgrunn som skodespelar, og hadde eit glamorøst image. Med debutromanen Akirame («Resignasjon») hadde ho vunne ei skrivekonkurranse i avisa Asahi. Romanen handlar om tre søstrer, ei kvinne som forlet ei lovande karriere som manusforfattar og flyttar tilbake til heimbygda. Det er også historia om ung kvinne si reise mot sjølvinnsikt og eigen identitet, hjulpe av ein kvinneleg kjærast.


Dei seinare verka til Tamura handla ikkje direkte om skeiv kjærleik eller identitet, men dei var likevel banebrytande for si tid. Ho skreiv om kvinner på søken etter identitet, dratt mellom «den nye kvinna» og det tradisjonelle livet. Ho var rekna som ei av dei beste kvinnelege forfattarane i si tid.


Raud kjærleik

Tillat meg å bruke eit The L Word-metoden for å føre oss vidare til neste skeive forfattar: Tamura Toshiko hadde ifølge rykta eit kortvarig forhold med ein omsetjar ved namn Yuasa Yoshiko. (Eit forhold som skal ha starta med at Yuasa sende Tamura eit fanbrev!) Yuasa var ein opent lesbisk omsetjar av russisk litteratur. Ho også var engasjert i den politiske rørsla på venstresida. Gjennom ein venn i Seitō, vart ho introdusert til ein annan forfattar, Miyamoto Yuriko.


Miyamoto Yuriko (1899-1951) var ein av dei mest kjende proletarforfattarane i si tid. Miyamoto debuterte som forfattar allereie i ein alder av sytten, då ho gav ut novella Mazushii hitobito no mure («Ein flokk av fattige folk», 1916) i eit prestisjefylt tidsskrift. Novella handlar om liva til fattige bønder på bygda. Ho hadde ein stor sympati for arbeiderklassen, noko som var ei drivkraft gjennom heile karriera hennar. Vidare gav ho ut den sjølvbiografiske romanen Nobuko (1928), sterkt inspirert av eit turbulent ekteskap ho inngikk, mot foreldras vilje, då ho var tjue. 


Då Miyamoto møtte Yuasa, var ekteskapet i ferd med å gå i oppløysing, og den nye venninna (?) skal ha hjulpe henne å ta beslutninga om å skilje seg. Dei to flytta inn saman i eit hus, der dei levde eit fredeleg liv. Dette samlivet er skildra i ei av novellene til Miyamoto, Ippon no hana («Ein blome») frå 1927. Seinare tilbrakte dei tre år på reise i Sovjetunionen og Vest-Europa, ei oppleving som bidrog til å radikalisere Miyamoto ytterlegare. Forholdet mellom dei to kvinnene varte i sju år, og vart avslutta då Miyamoto forelska seg i ein mannleg forfattar og gifta seg med han. Filmen Yuriko, Dasvidanya frå 2011 er ein kjærleiksfilm basert på forholdet mellom dei to kvinnene.

Miyamoto Yuriko


Sapfiske skulejenter


Sjølv om dei to to tidlegare nemnde forfattarane var nokon av dei første kvinnene

til å skrive om skeiv kjærleik i Japan, var det ein forfattar som gjekk enno lenger. Yoshiya Nobuko (1896-1973), som også var ein del av Seitō-miljøet, gjorde dette til hovudfokuset i skrivinga si. Ho var også ein av dei mest kommersielt suksessfulle forfattarane i Japan i det nittande århundret.


Yoshiya var frå ein konservativ familie, der det var forventa at ho skulle gifte seg og bli husmor. Men allereie som ungdom fekk ho tekstar publisert i ulike tidsskrift, noko som ikkje var sett positivt på av familien. I 1915 flytta ho til Tokyo, der ho møtte fleire medlemmer av Seitō. Det neste året hadde ho tekstar på trykk i to nummer av tidsskriftet. Same år byrja ho å publisere forteljingar i det som skulle bli serien Hana monogatari («Blomsterforteljingar»), Yoshiyas mest kjende verk.


Hana monogatari består av over femti forteljingar om intense homoerotiske forhold mellom unge jenter og kvinner. Historiene finner ofte stad på jenteskular, og presenterer ei verd med jenter i sentrum. Karakterane i historiene er vakre, feminine og blyge, og skrivestilen er romantisk og sentimental. Blomar som symbol går ofte igjen i historiene.


Sjølv om ein kanskje kunne tenkje seg at slike forteljingar ville ha ført til skandale for hundre år sidan, var det faktisk ikkje tilfelle. Det er ingen sex i forteljingane, og det er trass alt «vennskap» som er tema. Slike forhold mellom jenter var ikkje sett på som umoralske, og difor var Yoshiya heller ikkje ein kontroversiell forfattar. Men mange av forteljingane ender i sorg for karakterane hennar, på grunn av giftemål og separasjon. Det som skjedde i studietida til ei jente, i forteljingane hennar og kanskje i røynda, vart ikkje sett på som eit hinder i å oppfylle rolla som kone og mor etterpå, og det var kanskje difor var det ikkje noko foreldre såg på som farleg. (Var dette kanskje dåtidas versjon av såkalla «eksperimentering» i studietida, for så å slå seg til ro som streit?) Yoshiya uttrykker sorga til ei som blir etterlaten til fordel for ekteskapet på følgande vis:


So it is that the sadness of those who love their own sex and therefore cannot live their live their lives in the form of a conventional marriage is redoubled by the chagrin of parents – for whom marriage represents the sole pinnacle of womanly achievement – and the opprobrium and scorn of everyone else.


Sitatet er henta frå den einaste forteljinga av Yoshiya som er tilgjengeleg på engelsk per dags dato. Novella med den engelske tittelen Yellow Rose handlar om ein nyutdanna lærar, Miss Katsuragi, som har fått sin første jobb på ein jenteskule og utviklar eit forhold til ein av elevane sine, Reiko. Begge prøver å unngå å måtte gifte seg, og drøymer om å flytte til utlandet saman. Det er vanskeleg å tolke forholdet som noko anna enn eit kjærleiksforhold. Ta for eksempel denne scena, der dei to går tur på stranda og snakkar om Sapfo:


«Miss Reiko, Sappho was one who loved a beautiful friend of the same sex and was wronged. (...)»

«......Teacher!......» Reiko’s voice, faint and timorous, barely managed to let escape that one word from her crimson lips, which trembled like flower petals.

At that moment, the trailing echoing of the bell reached them – embraced by the sound of the bell their shadows overlapped –

(...) Fervent thoughts: «Kiss her!»


Etter denne siste setninga hoppar handlinga langt fram i tid, og vi får ikkje vite nøyaktig kva som skjedde, eller ikkje skjedde, mellom dei to. Det illustrerer eit aspekt som omsetjaren av novella, Sarah Frederick, peiker på som viktig ved skrivestilen til Yoshiya: bruken av ellipsar. I scener kor ting byrjar å bli oppheita mellom venninner, kan det plutseleg hoppe til neste scene, utan at vi får vite kva som skjedde i mellomtida. Det gir lesaren rom til å fantasere.


Sjølv om forteljingane til Yoshiya stort sett held seg akkurat innanfor grensa for kva ein kan kalle vennskap, var ho ikkje like atterhalden når det kom til sitt eige privatliv. Ho levde nemleg i eit samkjønnsforhold med mattelæraren Monma Chiyo i over femti år, noko ho aldri la skjul på. Det var nok, iallfall delvis, den lukrative forfattarkarriera til Yoshiya som gjorde dette mogleg. Begge slapp å gifte seg med menn av økonomiske årsakar. Dei to levde eit liv i luksus, og bygde hus i Kamakura (ein historisk by nord for Tokyo), der dei budde saman til dei vart gamle. Dei reiste også verda rundt i lag. I 1957 adopterte Yoshiya partnaren sin, den einaste måten for skeive par å dele eigedom og ta medisinske val for kvarandre.


Kanskje på grunn av den store kommersielle populariteten og det blomstrete språket til Yoshiya, tok det lengre tid før ho fekk ein plass i litteraturhistoria enn dei meir «seriøse» forfattarane Tamura og Miyamoto. Men dei siste åra har forfattarskapen til Yoshiya fått aukt merksemd, særleg i samband med mangasjangeren. Yoshiya blir sett på som gudmora til manga-sjangeren shōjo, som er retta mot unge jenter, og brukar mange av dei same verkemidla som ho brukte.


I innleiinga skreiv eg om korleis tidsskriftet Seitō starta opp. Men kva skjedde så med blåstrømpekollektivet? Etter berre fem år gjekk tidsskriftet ut av trykk, delvis på grunn av nedgang i salstal og negativ publisitet. Vidare gjekk Japan inn i ein mykje meir nasjonalistisk periode, og det glødande engasjementet tidsskriftet hadde brakt med seg vart i stor grad gløymt dei neste tiåra. Ein skal likevel ikkje undervurdere verdien Seitō hadde for unge kvinner med ambisjonar om å skrive. Ideen om «den nye kvinna» gav dessutan forfattarar som Tamura Toshiko, Miyamoto Yuriko og Yoshiya Nobuko rom til å utforske skeiv seksualitet på ein måte kvinner ikkje hadde hatt rom til å gjere før. 

Det var ikkje alltid stor litteratur, det var ikkje alltid perfekt. Ofte må ein lese mellom linjene, fordi ting ikkje kunne skrivast rett ut. I arbeidet med denne teksten var det ofte det eg måtte gjere, lese mellom linjene. Men for meg er dette eit givande arbeid, for i den augeblinken eg oppdagar noko, så kjem tanken: det har faktisk funnest slike som meg før.


Litteratur


Tomida, Hiroko. The legacy of the Japanese bluestocking society: its influence upon literature, culture and women’s status. (2016) Henta frå: https://koara.lib.keio.ac.jp/xoonips/modules/xoonips/detail.php?koara_id=AN10032394-20161231-0129 

Tanaka, Yukiko (red.). To Live and To Write – Selections by Japanese Women Writers 1913-1938. The Seal Press ()

Yoshiya, Nobuko, Sarah Frederick (omsetjar). Yellow Rose. Digital kopi.

Imbler, Sabrina. The Beloved Japanese Novelist Who Became a Queer Manga Icon. Atlas Obscura. Henta frå: https://www.atlasobscura.com/articles/yoshiya-nobuko-queer-manga 

Illustrasjoner: Martine Johansen
Foto hentet fra wiki-commons