Romanen var Oscar Wildes yndlingsbok og hovudpersonen ein ekstravagant dandy i Susan Sontags Notes on Camp, og ifølgje Camille Paglia ein depravert dekadent estet. Svaret er sjølvsagt Jean des Esseintes, den mannlege hovudpersonen i romanen À Rebours (1884) av den franske forfattaren Joris-Karl Huysmans (1848–1907). Romanen om verdenslitteraturens mest estetiske person kom først på norsk i 1998, Mot strømmen, omsett (til bokmål) og med etterord av underteikna. Paperback-utgåva kom i 2016. Etterordet i romanen er utgangspunktet for denne artikkelen.

Romanen Mot strømmen er ein moderne klassikar, representant for ein dekadent litteratur og eit manifest for dekadansen – ei litterær og kunstnarisk retning som legg vekt på det estetisk særeigne, det nervøst sjuke, det uutseielege, ein dunkel angst og ei forherling av det kunstige. Dekadansen var ein subtil og raffinert undergangslitteratur, ei åndeleg forfallstid i europeisk kultur på tampen av det nittande hundreåret, eller fin de siècle. Litteraturkritikarane har gjennom tidene ikkje vore samde om kvaliteten verken på forfattar eller roman. Huysmans har både blitt kalla ein pervers og nytingssjuk sjarlatan, og Mot strømmen ein storslått hymne til eit moderne nirvana. 

Her i landet var det Arne Garborg som først let seg inspirere av dei nye litterære straumane frå Frankrike, representert ved denne «dekadansens bibel» som Mot strømmen òg blir kalla. I romanen Trætte Mænd (1891) er hovudpersonen Gabriel Gram ikkje i tvil: «Interessante Fyre, disse nyeste Franskmænd, jeg tog med; især Huysman[s]; han er fin. Og rar.» Derimot verkar ikkje vennen Georg Jonathan like overbevist om det er noko vesentleg med den nye trenden:


«Disse lunkent-søde, graad-bløde Hunkjønsmænd, som for Tiden laver Litteratur i Paris

osv.; – de har givet sig et Navn, som er dem værdigt: Dekadenter, – Forfalds, Nedgangs-, Forraadnelsespoeter. Det er Bourgeoisiet, som begynder at gaa i Opløsning. De tror ikke længer paa nogetsomhelst, interesserer sig for intetsomhelst, har ikke Kraft til at holde fast paa nogetsomhelst; [...] disse aandelige selfabusers af nyeste Dato.»


Som Garborg uttrykker det: «Fin de siècle. Underlige Tider. Verden staar foran en Vending igjen. Jo mere vi faar vide, desto mere ser vi, at vi ingenting kan vide; det eneste blir da at erkjende dette og søge Udveie andetsteds.» Det er nettopp det Huysmans gjer i Mot strømmen.

Hovudpersonen hertug Jean Floressas des Esseintes er ein estet, ein mystikar, ein sensibel, livstrøytt og melankolsk aristokrat som iscenesett sitt eige tilvære, og reagerer berre på det eksotiske, esoteriske og subtile. Han maner fram dunkle og perverse fantasiar fjernt frå ein banal kvardag og flyktar inn i sitt eige oppkonstruerte paradis, berre omgitt av ting og gjeremål som fyller han med lede og forakt. «Visse esetiske ideal frå andre halvdel av det nittande hundreåret er meir vesentleg uttrykt i À Rebours enn i noka anna bok. Intenst personleg, dristig uavhengig», skriv seksualforskaren Havelock Ellis i forordet til ei engelsk utgåve. Dekadansen er eit estetisk og ikkje eit moralsk omgrep: «Dekadent stil er den ultimate ytring av Ordet», understrekar Havelock Ellis, medforfattar av den første engelske medisinske fagboka om homoseksualitet i 1897 saman med John A. Symonds.

Ei slik sjelfull bok som À Rebours måtte begeistre esteten og dandyen Oscar Wilde, som uttalte at han var plaga av den same sjukdommen som des Esseintes, men utan å forklare vidare. Mot strømmen har òg klart påverka Wildes mest kjende roman: The Picture of Dorian Gray (1891) der Dorian Gray blir ekstremt fascinert av denne boka som syntest å gjengi innhaldet i livet hans før han hadde levd det. Inspirert av des Esseintes’ bibliofile legning skaffar Dorian Gray seg ni førsteutgåver av Mot strømmen i stort format, som han får bundne inn i ulike fargar tilpassa hans ulike sinnstemningar og skiftande humør:


«Det var ein roman utan eigentleg handling og med ein einaste person, som eigentleg berre var ein psykologisk studie av ein viss ung parisar, som i det nittande hundreåret brukte livet sitt til å forstå alle lidenskapar, sansingar og tankar som høyrde til kvart hundreår med unntak av hans eige, og som liksom ville ta opp i seg alle dei ulike ytringsformene som verdenssjela har gjennomgått, og stadig av reint kunstnariske omsyn beundra alle dei sjølvfornektingane som menneska hadde vore dumme nok til å kalle dydar og alle dei voldsomme lidenskapane som sjølv kloke folk framleis kallar synder.»


Oscar Wilde nemner ikkje namnet verken på bok eller forfattar, men innrømte under rettssaka mot han at det var Mot strømmen av Huysmans han hadde i tankane. Men då Wilde blei spurd om den nemnde boka var av «a certain tendency» eller «a sodomitical book», svarte han at han nekta å la seg krysseksaminere om arbeidet til ein annan kunstnar: «Det er både impertinent og vulgært.» Tendensen hos forfattaren Huysmans er å vere moderne, sprenge grenser og lansere noko nytt, også når det gjeld seksualitet og kjønnsroller. 

På det seksuelle området prøver des Esseintes ut ulike sider av seg sjølv, for eksempel i møtet med den unge mannen med den «velbalanserte gangen» og lepper som kirsebær. I møtet med den androgyne sirkusakrobaten, Miss Urania, går kjønnsrollene fullstendig i oppløysing. Han beundrar hennar virile sjarm og brutale styrke og drøymer om å liggje feminin og hjelpelaus i dei maskuline jernarmane hennar. Men då naturen hennar viser seg heilt og haldent å vere feminin, får han straks problem med potensen. Namnet Miss Urania er ikkje tilfeldig valt. Huysmans har sikkert meint å utfordre den vakne lesaren til å føre tankane over på den tyske juristen Karl Heinrichs Ulrichs som lanserte termen urning (etter guden Uranus) for homoseksuell i 1864.


I sin historiske gjennomgang av Sexual Personae. Art and Decadense from Nefertiti to Emily Dickinson (1990) finn Camille Paglia klare appoliniske og androgyne trekk hos dandyen des Esseintes, men at han med sin sjuklege nervøse legning representerer ein ny generasjon sexual personae. Ho kallar derfor des Esseintes ein depravert dekadent estet og ser han meir i samanheng med Thomas Manns Aschenbach (Døden i Venedig) og Marcel Prousts Baron de Charlus (På sporet av den tapte tid). Paglia er elles svært opptatt av des Esseintes’ angst for kvinner, og særleg det fryktelege møtet hans med «drømmekvinnen» som vil kvele han med sine botanisk androgyne genitalblomstrar, som amorphophallos og nidularium. 

Opprinneleg hadde Huysmans tenkt å kalle romanen Seul (= aleine/den einaste), ein tittel som framhever hovudpersonens einsame eksistens, både som den einaste eigentlege person i romanen, og éin som står aleine mot resten av verda (les: Paris), altså éin som går mot straumen. Men han går òg imot det naturlege, mot naturen, og på engelsk er tittelen À Rebours omsett med Against Nature (= mot naturen). Ifølgje Paglia bygger des Esseintes eit palass av kunst for å beskytte seg mot naturen, men i draumane sine kjem naturen for å hente og sluke han.


Ifølgje seg sjølv har den subtile og raffinerte des Esseintes utvikla seg frå å vere ein dandy – éin som elskar å gjere inntrykk på og bli betrakta av andre, til å bli ein dekadent estet – éin som sjølv er betraktar og lever for å forfine sine eigne eksklusive sansar. Levande modell til den nevrotiske og estetisk opptatte hovudpersonen blir sagt å vere greve Robert de Montesquiou (1855–1921), ein høgst eksentrisk, estetisk forfina og dekadent forfattar og dandy. Han er ikkje minst berømt for å vere modell for Baron de Charlus hos Proust.

Des Esseintes er eksempel på det asosialt avvikande mennesket som berre eksisterer om natta, som finn behag i eit tilvære omgitt av mørke medan han heile tida jaktar på nye sensuelle opplevingar og sanselege stimuli. Dette finn den affekterte des Esseintes mellom anna i det kunstnariske og kunstige, det vere seg eksotiske parfymar som stephanotis, ayapana, champaka og sarkantus, eller erotiske plantar som echinopsis, cypripedium, sarracena og cephalotus. I tillegg kjem kunsten som skal bringe des Esseintes opp i ein høgare og sannare sfære. Sidan ingenting er konstant, gjeld det å nyte kvart augeblikk og gjere opplevinga så eksklusiv og intens som mogleg, så vel fargar og duft som litteratur og musikk. 

Mot strømmen er ein anti-naturalistisk roman, eller kanskje «over-naturleg» er eit betre ord. For Huysmans er det naturlege ikkje nok; det er det kunstige og det usannsynlege hans estetiske helt blir tiltrekt av. Biblioteket til des Esseintes er eit kapittel for seg sjølv der han får trykt yndlingsbøkene sine på nytt i unikt format og på indivuduelt spesialpapir. Særleg svak var han for eit papir som var ei aning blåleg, litt grovt og ganske skjørt der fibrane i papirmassen var erstatta med gullflak.

Ein kveld inviterte des Esseintes til sørgemåltid i heimen, som til gravferd, for å markere husvertens for tida avdøde virilitet. Spisestua hans var frå før halden i svart, men no var mest mogleg av det andre òg i svart eller i mørke fargar. Medan eit skjult orkester spelte sørgemarsjar, blei gjestane oppvarta av nakne negresser. På tallerkar med svart sørgerand fekk dei mellom anna servert vilt i lakrisfarga sausar, trøffelgelé, kremar av ambraduftande sjokolade, bjørnebær osv., sjølvsagt med passande utsøkte mørkraude vinar. 

Då des Esseintes ein dag i heimen studerte lysrefleksane i eit orientalsk teppe, hadde blikket hans «fulgt det sølvglinsende lysskjæret som løp over islettet av ull, aladdingult og plommefiolett», og funne ut at teppet burde ha noko levande som rørte på seg for å intensivere fargane. Dermed skaffa han seg ei diger skilpadde som ein slags kontrast, men det var ikkje nok for esteten des Esseintes. Skalet på skilpadda var altfor kjedeleg og måtte dekorerast. Det skjedde med eit intrikat mønster av gull med innlagte edelsteinar av sjeldnaste sort: aspargesgrøne krysoberryllar, pæregrøne peridotar og olivengrøne olivinar i tillegg til meir vanlege rubinar, smaragdar, safirar m.m. Den vakkert pynta skilpadda blei så sett inn igjen på teppet, men nekta å røre på seg. Skilpadda hadde ikkje tolt vekta av edelsteinane og var død.


Den dekadente hovudpersonen des Esseintes er ein slags forløpar for den handlingsramma antihelten i det tjuande hundreårets litteratur. Den narrative utviklinga er skildra i ein slags «stream of consciousness»-teknikk eller indre monolog. Språkleg sett er Mot strømmen komplisert og original, med syntaktiske krumspring, intrikat setningsstruktur, uvanlege metaforar, sjeldne ord og rik på tekniske uttrykk. Men ikkje minst demonstrerer romanen  Joris-Karl Huysmans’ kreative evne til kunstnarisk fantasi og estetisk nyting. 

Illustrert av Stine Nygård